Safting, sylting og hermetisering: Plommesaft og hermetiserte plommer

Eit spanandes studieår i emning

Eg har sett fram til å starte på dette året med mat, kultur og konservering. Eg har alltid vore glad i å bruke naturen og alt vi har tilgjengeleg rundt oss, så når eg fann dette faget der eg kunne lære enda meir om korleis ein kan bruke dette, også som lærar, var det eit lett val å søkje seg til Volda igjen.

Etter fyrste samlinga viste det seg at arbeidskravet knytt til samlinga skulle inn ganske så raskt, så her var det berre å hive seg rundt å tenkje på kva i alle dager ein kunne lage. Her skulle vi lage to forskjellige produkt som var konservert, anten gjennom safting, sylting eller hermetisering. I tillegg skulle vi dokumentere prosessen gjennom eit blogginnlegg. Eg bestemte meg for å lage to produkt av plommer, då vi har eit Opal-tre heime som får valdsamt gode plommer på kvart einaste år. 

Eit bugnande plommetre er kjekt å ha (Foto: Robin Urke Brunstad

Å skjere opp plommene var mest som eit kosmetisk grep, men ein slepp også å prikke i skinnet når ein skal hermetisere dei etterpå (Foto: Robin Urke Brunstad)


Bøtte på bøtte vart plukka (Foto: Robin Urke Brunstad)


Mine erfaringar med konservering

Frå før av har eg minimalt med erfaring knytt til temaet. Eg har vore med på hjortejakt sidan eg var liten, plukka sopp og bær med foreldra mine og gått på utallige timar med slang av både plomme, eple og pære. Men gjennom dei siste åra har eg fått ei auka interesse for hausting av naturen, utan om det eg sjølv gjer gjennom jakt. Sidan eg flytta til Volda har eg derfor prøvd meg på litt forskjellig, men eg har ikkje hatt noko særleg kunnskap om det. Eit år med mat, kultur og konservering er derfor midt i blinken for meg, der eg i tillegg til å lære denne kunnskapen for meg sjølv også lærer om korleis eg kan føre den vidare til komande generasjonar gjennom mitt arbeid som lærar.

Kva er konservering?

Hovig (2017) seier at å konservere mat er å behandle matvarer slik at den let seg oppbevare i lag tid framover utan at kvaliteten og eigenskapane blir svekka i vesentleg grad. Enzym og mikroorganismar er nedbrytande element som er naturleg til stades i alt levande. Dei spelar ei viktig rolle i naturens kretsløp, men så lenge planta veks på rot blir aktiviteten deira halden i sjakk. Når planta døyr slepp desse nedbrytande elementa til. Bakteriar, gjær og mugg vil raskt angripe frå miljøet rundt om ein ikkje stoppar nedbrytingsprosessen. (Riddervold, 1996 s.13-14). 

Gjennom tida har det blitt utvikla ei rekke metodar for å bevare råvarene og hindre utvikling av den biologisk omsetning som gjer maten bederva. Dette kan gjerast ved å enten angripe mikroorganismane eller enzyma direkte, eller endre miljøet dei er i, seier Hovig (2017). Frå gamalt vart det brukte naturlege forhold som kulde, vind og varme, tilføring av salt, røyk og syre, biologisk ved å bruke gjæring, eller ved å grave ned matråstoffet. (Riddervold, 1996, s. 14). Sukkersyltinga vart tatt i bruk i Noreg på 1800-talet. Parallelt kom og kunnskapa om å hermetisere. 

Klargjering av glas og utstyr

Hygiene er særs viktig når ein skal konservere mat. Ved å lagsomt varmer opp flasker/glas til 110°, øydeleggjer ein mikroorganismane og enzyma som er hovudårsaken til at det organisk materiell brytast ned (Fooladi, 2009). Dette er arbeid som tek tid, derfor kan det vere lurt å sette på omnen med ein gong du startar, så kan glasa ligge inni heilt til du skal ta dei i bruk.
Fyrst vaskar ein glasdelane grundig i varmt vatn, før ein legg dei inn i omnen i minst 10 minutt. Plastdeler og korker kan ein koke i vatn samstundes.

Alt av panner og silduk er lurt å sette fram også, spesielt for å sjå om alt får plass (oppskorne plommer tek større plass en forventa)
Før eg tømde på vatn; her var det berre å finne fram ball-panna til ho mor! (Foto: Robin Urke Brunstad)

Plommesaft

Ingredienser:

6 kg plommer
36 dl vatn
3 bit heil kanelstang
900 g sukker
Saft frå 3 sitronar

Framgongsmåte:

-Skjer plommene i to og ta ut steinane.
-Ha plommene over i ein stor kjele og ha i kanelstenger og vatn.
-Kok opp og la det småkoke ein times tid med eit lok halvvegs på.
-Sil safta gjennom eit sileklede eller liknande (eit lurt triks er å sile det gjennom eit kaffifilter).
-Tøm alt over i ei rein panne og tilsett sukker og sitronsaft. Gje det eit raskt oppkok til sukkeret er oppløyst.
-Ta glas eller flasker ut av omnen og tøm safta over på desse. Sett desse kjølig.

Ein kaffitraktar kan brukast til så mangt (Foto: Robin Urke Brunstad) PS: Hugs å vaske trakteren godt først, så det ikkje smakar kaffi

Frå tre til flaske (Foto: Robin Urke Brunstad)

Hermetiserte plommer

Ingrediensar:

ca. 700 g plommer
ca. 3 dl sukkersaus

Sukkersaus:
5 dl vatn
150 g sukker

Framgongsmåte:

-Skjer plommene i to og fjern steinar, eventuelt prikk hol i plommene med ei stoppenål.
-Kok opp plommene i sukkersausen, til 70-90 *C.
-Ha plommene over på eit reint glas frå ovnen, samstundes som du kokar opp sukkersausen.
-Tøm sukkersausen over i glaset, heilt opp til det kun er plass til glasloket. Skru det raskt igjen. Dette blir kalla ¨snarhermetisering.¨

Oppkoking av plommer i sukkersaus. Desse vart plukka etter varmeperioda vi fekk no i august, og det merkast godt på ein god del av plommene. (Foto: Robin Urke Brunstad)

Her burde eg nok tatt av skinnet før dei vart lagt oppi, for å få eit finare resultat (Foto: Robin Urke Brunstad)

Etter at sukkerlaka er tømd oppi snur ein glaset opp ned. Dette er for å drepe eventuelle bakteriar som ligg på loket ved hjelp av den kokande sukkerlaka, ifølgje Fooladi og Naturfagsenteret (2010) (Foto: Robin Urke Brunstad)


Erfaringar og vurderingar av prosess og produkt

I år var det diverre eit dårleg bærår, så det var ikkje enkelt å finne tak i så mykje villbær til å lage saft eller sylte. Plommene var fine ganske lenge, men når det plutseleg kom ei varmeperiode var det mange som fekk seg ein trøkk, og dei tapte seg fort. Dette er ting som er viktige å ta i betraktning når du sett i gong eit slik prosjekt, og det er lurt å sette seg inn i kva ein skal eller vil gjere i god tid før ein skal det.

Mykje av det eg gjorde var gjennom prøving og feiling. Smakane vart til etterkvart då eg ikkje ville bruke så alt for mykje sukker, men prøve å halde det på eit minimalt nivå samstundes som eg fekk fram den gode smaken. Kanelstenger i plommesafta kunne vore vellukka, men å ha tre stenger oppi vart alt for mykje. Ei stund kunne det minne meir om ein juleverkstad her heime enn noko anna. Ein bør derfor ikkje stole blindt på oppskrifter, men heller prøve seg fram sjølv.
Men dette har vore ein artig prosess og ei lærerik oppgåve, og noko eg verkeleg ser fram til å prøve igjen til neste år.

Luringtriks for å få tak i plommene som heng høgt: kapp botnen av ei brusflaske og monter den på eit kosteskaft.
Vi la også ein presenning nedom treet og rista greinene, då fell plommene ned og landar mjukt. (Foto: Robin Urke Brunstad)

Reint himmelsk (Foto: Robin Urke Brunstad)

Kjelder

- Fooladi og Naturfagsenteret. (2010). Å tolke en gammel oppskrift på hermetikk. Henta 09.08.19 frå Naturfagsenteret: https://www.naturfag.no/artikkel/vis.html?tid=1263000 https://www.naturfag.no/artikkel/vis.html?tid=1263000

- Riddervold, A. (1996). Frå tradisjon til vitenskap. Oslo : Teknologiske forlag.

- Ryslett, K. (2019) Utdelt hefte i fyrste samling:Oppskrift på hermetiserte plommer

Tekst frå Store norske leksikon (2005-2007), & Hovig, I. E. (2017, 11 23). Konservering: næringsmidler. I Store Norske Leksikon. Hentet 08 27, 2019 fra https://snl.no/konservering_-_n%C3%A6ringsmidler


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Familiedag ved Volda Bygdetun

Slakting og konservering av kjøt