Familiedag ved Volda Bygdetun
Byggkorn og kvernhuset si historie
Gjennom studiet vårt får vi mange spanandes utfordringar som vi skal takle. Ein av desse var å arrangere ein familiedag på Volda Bygdetun, Haualeite. Her skulle vi ha forskjellige matstasjonar der vi formidla kunnskap om tradisjonar, historie og prinsipp bak tilbereding og konservering av mat. Dei forskjellige stasjonane omhandla mellom anna poteta si historie, grauten og viktigheita av denne, og min stasjon som tok for seg kverna og kvernhuset si historie i tillegg til bruken av bygg opp gjennom tidene.Alle bygga på bygdetunet er henta frå forskjellige plassar rundt om i nærområdet og er ein del av Sunnmøre Museum. Min stasjon fekk sjølvsagt plass med kvernhuset. Dette vart flytta til bygdetunet frå Fremmerlid i Vikebygda, for å kunne formidle historia til skuleklasser, eldre, yngre, familiar og alle som var interesserte i å lære meir om korleis det var å få tak i mjøl før i tida. Forskjellen for vår del no var at kverna ikkje blei driven av vasskraft, men av motor. Dette då det ikkje er noko elv på bygdetunet (Sunnmøre museum, u.å.). Eg klargjorde området slik at det var klart til å setje i gong produksjonen av mjøl, hengde opp informasjonsplakatar som var enkle å forstå både for vaksne og born, og kledde meg opp slik eg tenkte ein kvennkar såg ut før i tida, med skjorte, vest og sixpence. Dette var med på å skape ei flott ramme rundt standen og var noko som mange av dei besøkande tykte var morosamt og kjekt.
| Oppkledning var også ein viktig del av oppgåva (Foto: Marianne Bakke Nesvold) |
Eg hadde på førehand laga til oppskrift på både byggrynsgraut og vafler med byggmjøl i, då eg var litt usikker på kva som ville vere best. Slik fekk folk velje om dei ville bruke mjølet som vart laga på sjølve forskingsdagen, eller om dei ville kjøpe gryn sjølve å prøve heime utan at det vart laga mjøl av desse.
Vafler med byggmjøl
-300 g byggmjøl
-100 g kveitemjøl
-1 ts salt
-1 ts bakepulver
-60 g sukker
-2 ss smør
-2 egg
-1 l kulturmjølk
Framgongsmåte:
- Bland mjøl, salt, bakepulver og sukker
- Rør saman smelta smør, egg og mjølk.
- Bland det våte saman med det tørre og la røra svelle i minst 15 minutt
- Steik vaflene jamnt gyldne.
Byggrynsgraut
-3 dl byggryn
-1½ l lettmjølk
-1 ts salt
- Legg byggryn i bløyt i kaldt vatn over natta. Tøm av bløytevatnet.
- Kok opp mjølk, ha i byggryn og la grauten småkoke i 30-40 minutt. Rør om av og til slik at det ikkje svir seg. Smak til med salt.
Bygg
I Noreg dyrkar vi primært fire typar korn: havre, bygg, kveite og rug. Kornslaga bygg og kveite kjem opphaveleg frå Midtausten, frå området kalla den fruktbare halvmåne (www.wikipedia.org). Bygg er truleg den eldste og viktigaste kornarta vår, og er mellom anna rik på kostfiber, treng kort tid for modning og var mykje brukt til både kvardags og festmat (Bjørnstad, 2007). Bygget blir sådd om våren og vert i dag for det meste nytta til dyrefor, men også til ølbrygging. Før vart det nytta meir i matlaginga også, i graut eller flatbrød (Opplysningskontoret for brød og korn, 2018).
I Noreg kom korndyrking truleg rundt 4000 f.Kr. På den tida besto maten mest av fisk og kjøt frå jakt. Korn blei berre dyrka på små åkerlappar som dei bearbeidde med trehakker før dei sådde. Korn blei vanleg over heile Austlandet og Vestlandet for omtrent 3500 år sidan. Litt etter litt blei det også vanleg nordover (Bjørnstad, Å. 2007).
Kvern og kvernhus
I 1147 let munkane på Hovedøya byggje ei mølle ved Nedre Foss i Akerselva, der Grünerløkka er no. Det var ikkje tilfeldig at det var akkurat mjølproduksjonen som vart mekanisert, og som erstatta muskelmakta folk måtte bruke i oldtida. Endå møller drivne av vasshjul var eit formidabelt framsteg, hadde det sine sider. Å vere møllar innebar tunge lyft. Det var støv, støy og varme, og det var brannfare om ikkje steinane var nøye avstemde til vassføring og kornmengd (Bjørnstad, Å., 2007).Før i tida måtte husfrua eller trælkvinnene male kornet for hand med ein stein, ei sokalla skubbekvern. Då vart kornet mala ved at ein brukte ein mindre stein til å knuse kornet ned mot ein flat stein. Dette var tungt arbeid som dei måtte halde på med i lang tid. Etter dette vart handkverna oppfunnen, før det gjekk vidare til å utnytte vasskrafta i elvane til å ha bekkekverner (Nordahl Næss, 2012). Bekkekvernene blir drivne av vatn som er leda frå elva ned mot kvernkallen. Ein kvernkall er akslingen som er montert fast i den øvste steinen og som har skovlar. Når vatnet treff desse vil akslingen rotere steinen, som gjer at denne går rundt opp på den nedste steinen. I eit hol på midten vart kornet mata nedi, og etterkvart kom mjølet ut rundt heile steinen (wikipedia.org).
| Inne i sjølve kvernhuset, her ser vi trakta der ein hadde korna oppi og dei massive kvernsteinane (Foto: Robin Urke Brunstad) |
Gjennomføring av sjølve dagen
Det skulle vise seg å bli ein dag som var svært interessant og lærerik, både for meg og dei besøkande. Sjølv om eg hadde førebudd meg godt, var det ikkje alt som var heilt på plass når eg kom til Volda. Folk møtte opp tidleg slik at eg ikkje hadde fått i gong kverna og rydda den heilt klar, men dette gjekk greit å få til etterkvart. Noko som derimot ikkje gjekk so bra var eg diverre var åleine på stasjonen. Dette gjorde at eg for det meste sat inne i kvernhuset og kverna korn, og fekk ikkje formidla så mykje av det eg ville. Til tider var det mykje folk innom stasjonen, som gjorde at mjølet fekk bein å gå på. Derfor måtte eg berre stå på å arbeide, i staden for å snakke med dei som kom innom. Eg hadde også ikkje fått tak i skubbekverner, slik at folk kunne prøve sjølv å kverne korn og sjå kor tungt det var før kvernhusa kom. Men eg hadde heldigvis fått laga til informasjonsplakatar som eg fekk hengt opp, slik at folk iallefall fekk med seg litt kjennskap til kva det var eg ville formidle. Alt i alt var det ein flott dag der vi var særs heldige med veret, og det verka som om folk storkosa seg.
| Plakatane med informasjon om bygg og om kvernhus (Foto: Robin Urke Brunstad) |
| Sjølve standen med plakatar, mjøl som folk kunne ta med seg og oppskrifter (Foto: Robin Urke Brunstad |
Bibliografi
- Bjørnstad, Å. (2007). Korn: frå steinalder til genalder. Oslo: Landbruksforlaget
- Nordahl Næss, R. (2012). forskning.no. Henta 19 september 2019 frå Da mel ble til med håndkraft: https://forskning.no/mat-landbruk-arkeologi-historie/2012/10/da-mel-ble-til-med-handkraft
- Sunnmøre museum. (u.å.). Volda Bygdetun. Henta 19 september 2019 frå http://www.sunnmore.museum.no/musea/volda-bygdetun/
- Bekkekvern (u.å.). Frå Wikipedia.org. Henta 19 september 2019, frå https://no.wikipedia.org/wiki/Bekkekvern
Kommentarer
Legg inn en kommentar