Innlegg

Viser innlegg fra november, 2019

Jul- og takkebakst

Bilde
Tradisjonsbakst Ein flott stabel med ferdigsteikte lefser, klare til å bløytast å smørast (Foto: Robin Urke Brunstad) Det nærmar seg raskt jul, og vi er no klare for det aller siste blogginnlegget. Denne gongen var det knytt til tradisjonsbakst, og vi skulle bake noko som skulle steikast på takke og noko som vi forbinder med jula. Tradisjonar er prosessar i stadig endring. Dei tilpassar seg samfunnet til kvar tid og finst i mange ulike variantar (Brunstad & Pettersen, 2007). Noko vi kanskje spesielt forbinder med tradisjonar er det arvar frå generasjonane før oss. Det å finne tak i gamle oppskrifter som har vore i familien i lange tider var noko eg kjende eg verkeleg satt pris på, og noko som gjorde dette til ei veldig kjekk oppgåve. Når eg i tillegg fekk med kjæresten min til å bake, vart dette til ein nydeleg dag.  Smak, lukt og det sosiale felleskapet man forbinder med tradisjonelle mat- og måltidsskikker er solid forankret i menneskenes identitet (Riddervold, 1975)...

Slakting og konservering av kjøt

Bilde
Speka hjortelår av kalv, lårtunge og hjarte av bukk. Mange moglegheiter med forskjellige smakar (Foto: Robin Urke Brunstad) Konservering av kjøt Semesteret si tredje samling hadde temaet konservering av kjøt, og har vore den samlinga eg har gledd meg aller mest til. Her skulle vi reise ut til Barstadvika for å besøkje Nils Martin og Eli Romestrand, og vere med dei på heile prosessen det er å slakte. Her fulgte vi tre lam frå dei vart skotne med skytemaske, vi var med å flådde desse før vi til slutt også var med på å partere og salte ned det som skulle saltast for seinare opphenging. Vi fekk også prøve oss på å lage mør, og smakte også på produkt som hjorte- og fåremør, smalahove og blodpannekaker. For meg som ivrig hjortejeger var det sjølvsagt ikkje mykje som var nytt i den forstand, men det var interessant å sjå korleis ein kan bruke nettopp slakting i eit undervisningsperspektiv. Mange born no til dags har ikkje noko forhold til dyr og slakting, og mange anar ikkje kvar vi ...