Familiedag ved Volda Bygdetun
Byggkorn og kvernhuset si historie Kvernhuset på Haualeite stod opprinneleg på Fremmerlid (Foto: Robin Urke Brunstad) Gjennom studiet vårt får vi mange spanandes utfordringar som vi skal takle. Ein av desse var å arrangere ein familiedag på Volda Bygdetun, Haualeite. Her skulle vi ha forskjellige matstasjonar der vi formidla kunnskap om tradisjonar, historie og prinsipp bak tilbereding og konservering av mat. Dei forskjellige stasjonane omhandla mellom anna poteta si historie, grauten og viktigheita av denne, og min stasjon som tok for seg kverna og kvernhuset si historie i tillegg til bruken av bygg opp gjennom tidene. Alle bygga på bygdetunet er henta frå forskjellige plassar rundt om i nærområdet og er ein del av Sunnmøre Museum. Min stasjon fekk sjølvsagt plass med kvernhuset. Dette vart flytta til bygdetunet frå Fremmerlid i Vikebygda, for å kunne formidle historia til skuleklasser, eldre, yngre, familiar og alle som var interesserte i å lære meir om korleis det var å få...